Dagleg leiar Vidar Lund i Etnemarknaden håpar fleire vil melde seg til teneste i aktivitetsparken. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Dagleg leiar Vidar Lund i Etnemarknaden håpar fleire vil melde seg til teneste i aktivitetsparken. FOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 1 av 3
Lars Olav Bergsvåg stiller villig opp for å ta i eit tak under Etnemarknaden.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Lars Olav Bergsvåg stiller villig opp for å ta i eit tak under Etnemarknaden. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 2 av 3
Elise Ask frå Haugesund er med som frivillig for andre gong.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Elise Ask frå Haugesund er med som frivillig for andre gong. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 3 av 3

Mobiliserer for nye aktivitetar

Tysdag fekk leiinga i Etnemarknaden beskjed om at det ikkje blir strikkhopp på årets marknad. No håpar dei at folk vil melde seg til å bidra til å få realisert ei rekkje nye planar dei har lagt som erstatning.

Leiinga i Etnemarknaden blei informert om at det planlagde strikkhoppet til utskyting, ein såkalla Bungee Ejection, ikkje hadde fått godkjenning av Statens jernbanetilsyn. Dagleg leiar Vidar Lund i Etnemarknaden uttalar at dette skulle ha blitt gjort for lenge sidan og er utanfor marknaden sin kontroll. Etter denne beskjeden har leiinga snudd seg rundt for å finne moglegheiter til å tette hòlet.

— Me har funne diverse aktivitetar som me har kasta oss rundt for å få tak i, fortel Lund.

Blant desse er strikkeløp, stunt-madrass, hengestang, lasertag og gladiatorleik. Marknadsleiaren fortel at dei ekstra aktivitetane avheng av at dei får tak i ein del ekstra frivillige.

Treng fleire folk

Etnemarknaden er ein stor operasjon. Lund opplyser at det er behov for cirka 450 frivillige totalt. Han talfestar at det per tysdag kveld manglar cirka 50, der av 20 til aktivitetsparken for barn og unge.

Grunna dette gjekk Etnemarknaden ut og oppmoda folk til å melde seg til å stille i aktivitetsparken i eit Facebook-innlegg tysdag. Her ber dei folk ta kontakt med Ingvild Slåke, Monica Grindheim eller Erling Bjarte Rullestad om dei har høve til å ta ei eller fleire vakter. Slåke erkjenner at dette har vore det mest krevjande året å skaffe frivillige som ho har vore med på.

— Det blir ein utfordring, men me er bygde for utfordringar, seier Slåke.

Ho fortel at det er veldig mange som ikkje tek telefonen når dei ringer, slik at dei bruker mykje tid på ingenting. På den positive sida trekker ho fram at dei har fått veldig god respons på Facebook-innlegg og at dei som har sagt ja til vakter er fleksible på å bytte stasjonar etter behov. Lund ser positivt på at dei skal lukkast med å gjennomføre arrangementet på ein god måte.

— Me er spente på marknaden og gler oss. Det blir ein kjekk marknad med mykje bra, avsluttar marknadsleiaren.

Trør til

Sjølv om det manglar ein del frivillige hender til ein del av oppgåvene går førebuingane etter planen. I storsalen er folk i sving med å setja opp bord og stolar, på uteområdet står både telt og boder klar til å ta imot marknadsgjestene. Elise Ask frå Haugesund, som til dagleg jobbar på Bondekompaniet i Etne, er ei av mange som har sagt ja til å stilla på dugnad. Denne dagen har ho fått i oppgåve å hjelpa til med bordplassering.

— Eg blei spurd om å vera med på opprigging.. Det er andre gong eg er med, seier Ask.

Ein som i mange år har stilt opp for Etnemarknaden i ei årrekkje er Lars Olav Bergsvåg. I år er ikkje noko unntak. Han øyremerkar deler av ferien til dugnadsarbeid og jobbar både seint og tidleg for å få ting på plass til dørene opnar om få dagar. At alt blir klart til opningsdagen tvilar han ikkje på sjølv om det kan sjå litt kaotisk ut i innspurten.

— Me er vel i rute, seier han og smiler.