Ordførar Ole Johan Vierdal (f.v.) fekk presentert 654 underskrifter mot vindkraft av Harald Eikanger. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ordførar Ole Johan Vierdal (f.v.) fekk presentert 654 underskrifter mot vindkraft av Harald Eikanger.

654 har signert mot vindkraft

Onsdag overleverte ei gruppe frå Motvind ei liste på 654 underskrifter frå vindafjordingar som ikkje ønskjer vindkraft på land i kommunen til ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

Publisert Sist oppdatert

— Eg og fleire vil vere i forkant av vindkraftsaker som gjeld Vindafjord, sa styremedlem Harald Eikanger i Motvind Tysvær om tidspunktet for å gi underskriftene i forkant av besøket på ordførarkontoret.

Med seg på overleveringa hadde han styreleiar Bjarne Jensen og Elin Magdalena Korvanen Mæland i Motvind Tysvær. Eikanger frå Skjold og Karmøy-busette Korvanen Mæland starta innsamlinga av underskrifter i sommar.

Harald Eikanger (f.v.), Elin Magdalena Korvanen Mæland i Medvind Tysvær og Bjarne Jensen la fram argument mot å bygge vindmøller på ordførarkontoret.

— Store konsekvensar

Eikanger fryktar at det skal komme vindmøller på land i Vindafjord i framtida. I heimbygda hans Skjold kom det i 2022 to søknadar om å bygge vindkraft. Fire eigarar av to bruk vest i Skjold lanserte saman eit ønske om produksjon av vindkraft ved Måkafjellet. Det andre prosjektet var ein søknad om dispensasjon frå Fjeldheim Gard om å plassere ein 97 meter høg turbin ved Nordra Naustdalsfjellet litt lenger sør-aust, ikkje så langt frå Liaheia. Ingen av desse søknadane materialiserte seg i den runden.

I mars i år blei Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll invitert i eit kommunestyremøte i Vindafjord. Der snakka ho positivt om Fitjar sine erfaringar med vindmølleparken i Midtfjellet. Spurt om dette svarar Eikanger at dette må han berre smile av. Han meiner at vindkraft i Vindafjord ville hatt veldig tydelege konsekvensar.

— Viss du ser rundt i Noreg så har folk plagar av vindmøller. Dette kan vere helseplagar, så vel som det visuelle. Naturinngrepa av vindkraft er dramatiske, sa Eikanger.

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll under eit besøk i Vindafjord kommunestyre i mars.

Må opp i kommunestyret

Den lokale motstanden i Vindafjord mot vindkraft er organisert i Motvind Tysvær. Arbeidet deira for å hindre vindkraft på land i Vindafjord vil ifølgje Eikanger gå steg for steg. Han omtalar overleveringa som eit første steg, og så vil dei sjå kva dei gjer framover.

Kommunestyret vedtok 18. juni samfunnsdelen med arealstrategiar i kommuneplanen for 2024-2036. I samband med det fremja Guri Ravatn (SV) eit forslag om å verne naturområda mot utbygging av arealkrevjande industri og infrastruktur, utan å få nokon stemmer frå andre representantar.

Som eit hovudmoment den gongen trekte Ravatn fram vindkraft og viste til eit sitat i eit vedtak frå kommunestyret i 2019 der dei sa nei til utbygging av landbasert vindkraftanlegg grunna konsekvensane av naturinngrepa. Vedtaket frå 2019 har ifølgje Ravatn stått seg godt, og ho uttala at vindkraft kunne vore spesifikt nemnt i deira foreslegne strategi. Ho valte likevel å formulere seg breiare i sitt forslag, og fekk sterk kritikk av dei andre som tok ordet i debatten med visning til blant anna frykt for vanskar med ny E134. Arealdelen av kommuneplanen skal opp seinare. Eikanger håpar at kommunestyret skal få inn eit eksplisitt nei til vindkraft på land i kommuneplanen.

Kommunestyret skal uansett behandle innhaldet i signaturane innan seks månadar. Med 654 er dei godt over dei 180 som vil utgjere dei to prosenta av innbyggjartalet som kommunelova krev for å få behandla eit innbyggjarinitiativ.

Ordførar Ole Johan Vierdal (f.v.) ser på underskriftene Harald Eikanger hadde med seg.

Det var ein god tone på ordførar-kontoret då dei tre Motvind-representantane fremja sine synspunkt. Dei framheva spesielt til erfaringane frå Tysvær Vindpark, som dei også viste ein film frå. Elin Magdalena Korvanen Mæland inviterte kommunestyrepolitikarar med på ein tur til fjelltoppen Kjort i Vats, slik at dei kune sjå fjella i Vindafjord som ho omtala som truga. Trioen var glade for å bli tatt imot av ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

— Me høyrer rykta om mogelege vindkraft-prosjekt, men me har ikkje nokre konkrete saker nå, sa Vierdal.

Ordføraren fortalde litt om historikken til vindkraftspørsmålet i Vindafjord og eventuelle prosessar ved nye saker. Han synest det er greitt å få folk innom for å komme med synspunkt, og understreka at lokalpolitikarane høyrer på alle og tek avgjerder utifrå det. Også potensielle utbyggjarar har tatt kontakt med spørsmål om kva som skjer og ikkje skjer i kommunen i samband med vindkraft.

Powered by Labrador CMS