Og om du skulle vêre i tvil: Ja, det er mykje vatn som er venta.
Dei austre delane av Etne kommune er omfatta av raudt farevarsel for nedbør. I heile Grannar-distriktet er det oransje og gult farevarsel for flaum og jordskred. Dette varselet gjeld fram til fredag.
Det er sjeldan at det blir sendt farevarsel med raudt, som er det øvste nivået. Nivået krev mellom anna at beredskapaktørar skal fortløpande behov for beredskap.
«Jakob»
Ekstremvêret som treff Vestland torsdag har fått namnet «Jakob».
Varselet vil gjelde frå natt til torsdag til natt til fredag og vil treffe midtre og indre strøk i Vestland.
– Vi hadde eit ekstremvêr i Møre og Romsdal og Trøndelag i 2022, som var litt den same situasjonen. Den gav veldig mykje regn over to døgn. Denne gangen er det litt meir intens nedbør, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.
I tillegg til raudt farevarsel for regn, er det og oransje farevarsel for flaum og skred.
Det er venta at ekstremvêret vil gje store konsekvensar for reisande.
– Det er stor fare for stengde vegar og/eller overvann ved bekke- og elveløp. Mange reiser vil kunne få lenger reisetid, heiter det i varselet.
Det er sendt ut flaumvarsel på oransje nivå for vårt distrikt, særleg innover på Haugalandet, noko som tilseier stor fare. Desse varsla gjeld også for fredag, sjølv om nedbøren er venta utover dagen fredag.
Haugaland Brann og Redning tilrår alle å førebu seg, og rår til følgjande:
• Hald deg oppdatert på vêrmeldingar – følg med på varsel og oppdateringar frå yr.no, då situasjonen kan raskt endre seg.
• Rens stikkrenner og kummar – ta ein runde rundt eigedomen og fjern kvistar, lauv og anna som kan blokkere vassvegane. Dette kan hindra at vatnet finn nye, uønska vegar.
Ekstremvêret Jakob treff store delar av Sør-Noreg torsdag.
• Sikre verdiar i flaumutsatte områder – flytt verdifulle gjenstandar vekk frå elveleie og andre stadar kor vatnet raskt kan stige.
• Unngå ras- og flaumutsatte områder – det kan fort oppstå overvatn på vegane, og nokre vegar kan bli stengt. Sjekk oppdatert vegmelding frå Statens vegvesen før du legg ut på tur.
• Ta forhandsreglar mot vassinntrenging – dersom du bur i eit område med auka risiko for vatn i kjellaren, gjer nødvendige tiltak i forkant. Flytt lause gjenstandar opp frå gulv, og vurder å setja møbler på klossar for å minimere skade dersom vatnet skulle trengja inn.
Brannsjefen håpar at veret viser seg frå si mildaste side, men skulle uhellet vera ute, hugs naudnummera:
Politi: 112
Brann: 110
Helse: 113
Raudt farevarsel/nedbør
• Vurder behov for førebyggjande tiltak
• Følg instruksar frå lokale styresmakter og råd frå beredskapsmynde
• Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar
• Unngå å køyre i overvassdekte vegar utan å vite kor djupt vatnet er
• Vurder nøye om reisa faktisk er nødvendig
• Gjer bustaden klar for eit potensielt lengre straumbrot
• Fare for overvassproblematikk i tettbygde område
• Stor fare for stengde vegar og/eller overvass ved bekkar og elvelaup
• Mange reiser kan få lengre reisetid
• Vanskelege køyreforhold på grunn av overvass og fare for vassplaning
• Nokre stader kan mellombels miste vegsamband, gjerne i fleire dagar
• Fare for lengre straumbrot
Kjelde: yr.no