Bak f.v. Klaus Bergmann, Inger Norun Hamre, Øystein Utterøy, Roger Tesdal, Norun Tesdal, Sølvi Karin Sandvik, Anne Torhild Vik, Grethe Tesdal, Jorunn Grindheim, delvissjult Magnus Sørheim Reiso, Hilmer Gruss. Framme f.v.: Anders Tesdal, Ståle Sørheim, Nicole Gruss, Astrid Trå Sørheim
Tilstades men ikkje på bilete Bjørnar Grindheim og fotograf Kurt B. Hagen.
FOTO: PRIVAT
Bak f.v. Klaus Bergmann, Inger Norun Hamre, Øystein Utterøy, Roger Tesdal, Norun Tesdal, Sølvi Karin Sandvik, Anne Torhild Vik, Grethe Tesdal, Jorunn Grindheim, delvissjult Magnus Sørheim Reiso, Hilmer Gruss. Framme f.v.: Anders Tesdal, Ståle Sørheim, Nicole Gruss, Astrid Trå Sørheim Tilstades men ikkje på bilete Bjørnar Grindheim og fotograf Kurt B. Hagen. FOTO: PRIVAT

Vardebrenning mot vindkraft

17 personar i alle aldrar frå «grasrota» stilte opp på nasjonal vardetenning på Veten i Etne 8. oktober. Dei fleste kom frå Etne, men også frå Skjold og Haugesund. Ekstra kjekt var det at tre tyske sambygdingar stilte opp. Dei har fått kjenna på kroppen dei negative sidene ved vindturbinar i Tyskland.

Her er nokre punkt som forklarar kvifor dette er viktig:

• Vindkraft er ustabil og lite effektiv energi og treng balansekraft (vasskraft) to tredjedelar av tida, eller når det ikkje bles.

• Utbygging gjer store naturområde om til industriområde, og mykje natur vert øydelagd for alltid.

• Vindturbinar fører til at det vert bygd overdimensjonert nett over heile landet for å kunne ta imot store mengder vindkraft når det bles.

• Det finst ingen resirkulering av gamle turbinar. Ein må truleg ha store område for å grave ned gamle turbinar etter endt levetid. Kven må ta kostnaden for dette? Utbyggjar? Neppe.

• Fleire døme viser at turbinblad fell av og forårsakar utslepp i naturen. Slitasje fører til mikroplast som spreier seg over store område i naturen.

• Kort levetid, rundt 20 år.

• Turbinane drep store mengder insekt og fuglar.

• Helseplager for folk og sannsynlegvis dyr som bur i nærleiken.

• Iskast om vinteren, som krev at store område vert bandlagde, der ein ikkje kan ferdast.

• Blinkande lys frå kvar einaste turbin heile tida (lysforureining).

• Verditap for bustadar og hytter i nærleiken av slike industriområde.

• Distrikta vert tappa for naturverdiar.

• Kompliserte eigartilhøve, med delvis utanlandske eigarar i skatteparadis som det er vanskeleg å finne ut kven er.

• Enorm sløsing med subsidier, som ein kunne tru ville blitt nytta meir berekraftig og fornuftig.

• Turbinar er ofte mykje større når dei vert sett opp enn det som stod i søknadspapira, ofte kalla «mindre justeringar».

• Konsulentfirma som skal vurdera konsekvensane av naturøydeleggingar gjer ofte svært mangelfullt arbeid (bukken og havresekken).

Det er eigentleg ei utruleg historie, for den store, seigliva bløffen som folk flest trur på, er at me har kraftmangel i Noreg. Men me har eigentleg eit stort kraftoverskot. Det er styringa av krafta som har utvikla seg katastrofalt feil. Ein kan nemne eksport og prioritering på kven som skal få nytte av krafta. Her burde me fått ærlege svar. Kortsiktig økonomisk gevinst har vorte viktigare enn å ta vare på naturen for etterkomarane våre.

Å gøyme seg bak det grøne skiftet er for lettvint; det viktigaste me kan gjere der, er å forbruke mindre. Eivind Salen er den største eksperten i Noreg på dette feltet. Han er nøye på kjelder også. Eg vil tilrå at alle les kva han skriv. Dette er ikkje berre for spesielt interesserte, men ramme alvor for oss alle. Er det verkeleg verdt å satse på vindkraft?

Medlemmer av Motvind

Astrid Trå Sørheim og Ståle Sørheim