Det var klokka 21.30 laurdag kveld at politiet fekk melding om funn av ein livlaus person i ei mindre elv i Vindafjord. Familie og vener hadde då vore ute og leita etter 56-åringen, då han ikkje kom heim som avtalt etter å ha gått tur med hundane sine. Naudetatane rykte ut, og det blei sendt redningshelikopter mot staden, men mannen vart erklært død før helikopteret kom fram.
Turområde
Den omkomne blei funnen i Grautåbekken, like i nærleiken av eit bustadfelt i Lysenutvegen, om lag ein kilometer sør for Sandeid sentrum. Området er mykje brukt av turgåarar i området. Etter det Grannar har fått opplyst, skal vassføringa i bekken ha vore større enn normalt etter mykje nedbør i området sist veke.
Truleg ei ulykke
Hovudhypotesen til politiet er at personen hamna i elva som følgje av ei ulukke.
Politiet har frigjeve namnet i samråd med pårørande.