Politi på fritid blei under køyring merksam på ein bil som var meldt stole. Då denne køyrde seg fast i ei blindgate i Vikebygd, såg politibetjenten sitt snitt til å ta kontakt med førar mens kollegaene var på veg, melder politiet på Politiloggen. Hendinga fann stad rundt klokka 18.30 torsdag ettermiddag. Mannen, i byrjinga av 50 åra blei pågripen. Bilen var også full av gods som ein mistenker kan vera stole. Bilførar blei fremstilt for lege mistenkt for køyring i påverka tilstand, noko han også innrømde på staden. Sak er oppretta.