Steinraset har gått like aust for Ropeid-krysset. Saude er isolert, men vegen mot Suldal er open.
SKJERMDUMP: STATENS VEGVESEN
Steinraset har gått like aust for Ropeid-krysset. Saude er isolert, men vegen mot Suldal er open. SKJERMDUMP: STATENS VEGVESEN

Steinras ved Ropeid – trafikken blir dirigert

Eit steinras ved Ropeidvika natt til måndag førte til at fylkesveg 520 blei stengd. No blir trafikken dirigert forbi staden.

Vegtrafikksentralen Vest meldte like før klokka 01.00 natt til måndag at fylkesveg 520 Saudavegen er stengd på grunn av steinras. Geolog er venta til staden klokka 8 for å vurdere situasjonen.

Trafikkoperatør Tina Fjeldavli i Vegtrafikksentralen opplyser til Haugesunds Avis at raset har gått like ved Ropeidvika. Dette medfører at vegen til Sauda er stengd, og at Sauda dermed er isolert. I tillegg er vegen frå Sauda til Røldal stengd på grunn av uvêr.

Ifølgje NRK Rogaland går heller ikkje hurtigbåten til Stavanger, grunna for mykje is på fjorden.

Operasjonsleiar Dag Sverre Steinkopf i Sør-Vest politidistrikt opplyser at politiet blei varsla om ein større stein som hadde rast ned på fylkesveg 520 ved Ropeidvika klokka 23.58. Entreprenør er varsla, og geolog er på veg for å gjere vurderingar.

Klokka 09.09 skriv Vegtrafikksentralen vest på X at det no er opna opp med manuell dirigering, og inntil 30 minutt venting.