Fredag er det sendt ut farevarsel for snø gjennom helga for delar av Sør- og Nord-Noreg. I sør blir det derimot vêrskifte før vekestart. Foto: Met / Handout / NTB / NPK
Fredag er det sendt ut farevarsel for snø gjennom helga for delar av Sør- og Nord-Noreg. I sør blir det derimot vêrskifte før vekestart. Foto: Met / Handout / NTB / NPK

Varslar mykje snø til helga – så snur det

Til helga er det venta mykje snø, både i nord og i sør, ifølgje Meteorologisk institutt. Både Etne og Vindafjord er ein del av gult farevarsel. Men sundag snuret vêret igjen.

NPK-NTB/GRANNAR: Fredag er det sendt ut farevarsel fleire stader i Nord- og Sør-Noreg, inkludert Grannar-distriktet.

– Berekn ekstra tid til transport og sjekk vegmeldingar, åtvarar meteorologane.

Det er venta vanskelege køyreforhold, og reiser kan ta lengre tid. Snøfokk kan redusere sikta mykje, og kolonnekøyring, og i verste fall stenging av vegar, kan bli nødvendig.

10-20 cm

I Sør-Noreg er snøvêret venta å komme søndag, med 10–20 cm snø på eitt døgn. Farevarsel er ferda ut for Austlandet, Sørlandet og fjellområda i Sør-Noreg.

– Først blir det snø, deretter regn mange stader. Og det kan bli underkjølt regn, så køyr forsiktig, skriv meteorologane på X.

Mest snø i nord

I Troms og delar av Vest-Finnmark kan det falle 30–50 cm snø på eit døgn, og enkelte stader opp mot 60 cm før snøfallet minkar søndag formiddag.

(©NPK)