— Julepynten er veldig fin. Det er kjekt å gå opp der når det er slik, seier Lars Skipevåg, som la merke til pynten då han gjekk ein tur opp til Trommenuten.
Eit mysterium
Pynten strekk seg langs heile den minst 1,5 kilometer lange vegen, men det er litt avstand mellom dekorasjonane. Forbi nokre tre heng det julekuler, medan små nissar kikar fram frå nye stader. Batterilysa lyser opp skogsvegen på mørke vinterkveldar.