Kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst set straks i gang prosessen med å gjere tilsette og barn klare for den nye skulestrukturen hausten 2025. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kommunalsjef Nils Erik Eide synest prosessen med å gjere tilsette og barn klare for den nye skulestrukturen hausten 2025 har gått bra så langt.

Vindafjord-budsjettet

Riggar for tryggleik

Når skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland blir lagt ned, fører det til at barn og tilsette flyttar over på nye plassar. Kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst vil sørge for best mogleg overgangar.

Publisert Sist oppdatert

— Målet vårt er å rigge for ein tryggast mogleg ny kvardag for både barn og tilsette, fortel kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst i Vindafjord etter kommunestyremøtet der budsjettet med skulenedleggingar blei vedteke tysdag.

Framover satsar han på god informasjonsflyt og involvering for dei som blir påverka av nedleggingane. Skulane på Bjoa og Imsland har i utgangspunktet vore 1.- til 7. klasse-skular, men denne hausten har 5.-7. klasse på Bjoa blitt flytta til Ølensvåg grunna bemanningssituasjonen. Ungdomsskuleelevar frå Imsland går på ungdomsskule i Vikedal og bjoabuar på Ølen skule.

Intensiverer dialogen

Administrasjonen har avventa med å starte arbeidet for å gjere klar til nedleggingar og tida etter til etter endeleg vedtak. Eide opplyser at dei vil gå i gang med dette i januar.

— Me må ha ein god prosess for dei tilsette, seier kommunalsjefen.

Eit viktig steg i denne prosessen blir det han kallar opptrappa dialog. Med det ligg det at ein kontaktar tilsette på dei aktuelle einingane og snakkar om korleis innspurt og avvikling på skulane og barnehagen skal bli, og korleis arbeidskvardagen deira skal bli frå hausten.

Jobbane er sikra

Alle lærarar og andre som jobbar på skular og barnehagar er tilsette i Vindafjord kommune, og ikkje låst til arbeidsstadane. Eide seier at desse følgjeleg vil få tilbod om jobb på nye einingar.

Talet einingsleiarar blei allereie redusert med to til skuleåret 2024/2025, der oppvekstsenteret på Bjoa fekk felles leiar med det i Ølensvåg og det i Imsland med Sandeid oppvekstsenter. Følgjeleg vil ingen rektorar bli omplasserte eller miste jobbane sine som konsekvens av nedleggingane.

Dei seinare åra har det ikkje vore problem med for mange tilsette i barnehagar og skular, men heller vore utfordrande å få nok av både faste tilsette og vikarar. Kommunalsjefen vil ikkje vere skråsikker når han blir spurt om nedleggingane kjem til å hjelpe på desse vanskane.

— I utgangspunktet betyr dette at me får to færre einingar å bemanne, men om situasjonen blir lettare vil våren vise, seier Eide.

Før kvart skuleår er det ein utlysningsrunde til ledige stillingar i skular og barnehagar. Med dagens tilsette på einingane som skal leggjast ned på veg inn på nye arbeidsstadar, kan dette gjere talet stillingar som lysast ut litt lågare enn det elles ville blitt.

Hospitering

Barnehagebarna i Imsland kan gå i den private barnehagen Vikedal FUS barnehage eller i kommunale barnehagar, eksempelvis på Sandeid oppvekstsenter, før dei begynner på Vikedal skule, medan eskuleelevane på Bjoa skal til Vågen oppvekstsenter frå hausten. Eide er oppteken av å sikre ein god overgang for dei som skal over til nabobygdene sine einingar.

— Dei skal få hospitere og bli kjende med dei nye skulane og klassekameratane før dei flyttar over til hausten, seier kommunalsjefen.

Slik hospitering er allereie vanleg for sjuandeklassingar som skal på ungdomsskulen annan stad enn i heimbygda.

Vil ha effektiv skyss

I budsjettet blei det vedteke ei rekkje avbøtande tiltak for Bjoa og Imsland. Blant anna blir det slått fast at kommunestyret er oppteken av ein god prosess for elevar, føresette og tilsette, slik at ein er best mogleg førebudd når elevar vert flytta til ny skule. Den førebuande prosessen må starte i januar 2025. I tillegg til informasjonsmøte, må det vere samhandlingsmøte med FAU og elevråd, tillitsvalde og andre involverte.

Kommunestyret vedtok òg at administrasjonen må ha spesielt fokus på transport for dei yngste elevane. Kommunedirektøren blir beden om å ta kontakt med Kolumbus straks. Er det behov for å gå inn med kommunale midlar for å få til tenlege ordningar, ber ein om ei sak på dette. Dette skal leggjast fram for OPOM.

Eide fortel at administrasjonen er klare for å gå i dialog med Kolumbus for å sikre best og mest mogleg effektiv skuleskyss med smidige ruter for barna. Dei vil òg sjå på skyss til busshaldeplassar.

Powered by Labrador CMS