Brannvesenet jobba intenst for å redde det brannråka huset i Blikrabygda i Vats.
FOTO: Jostein Viestad
Brannvesenet jobba intenst for å redde det brannråka huset i Blikrabygda i Vats. FOTO: Jostein Viestad

Brann i Vindafjord

Ingen skal ha kome alvorleg til skade i samband med at det byrja å brenne i eit kårhus i Blikrabygda i Vats fredag.

Naudetatane rykte fredag førmiddag ut til melding om røykutvikling frå eit kårhus i Blikrabygda i Vats. Politiet fekk melding klokka 11.42.

— Ifølgje meldar skal alle ha kome seg ut av bustaden, opplyste operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sør-Vest politidistrikt.

Brannmannskap frå både Aksdal og Ølen rykte ut til staden, melder 110 Sør-Vest.

— Mykje røyk

Klokka 12.17 opplyste vaktleiar Svein Nesse ved 110 Sør-Vest at sløkkearbeid gjekk føre seg, men at dei ikkje hadde fått kontroll på brannen enno.

Brannvesenet jobba intenst for å redde det brannråka huset i Blikrabygda i Vats.
FOTO: Jostein Viestad
Press Photography AS

Huset var ikkje overtent då dei kom fram.

— Men det var mykje røyk på staden, opplyste han.

Røykdykkarar gjer søk

Politiet opplysete samstundes at ein person blei undersøkt av ambulansepersonell på staden, og etter kvart frakta til Haugesund sjukehus for grundigare sjekk. Vedkommande skal vere leigetakar i huset.

Klokka 12.21 opplyste poltiet at det brenn under kledinga til huset, og at brannen har auka noko.

— Det bei då jobba med brannsløkking i kombinasjon med søk innandørs, opplyser Knudsen.

Like før klokka 13 får Grannar opplyst at det framleis er sløkkeaktivitet og litt røyk på staden, men brannen blei etter kvart sløkt.

Det skal vere eit kårhus i Blikrabygda som er råka av brann.
ILLUSTRASJON: DATAWRAPPER/GRANNAR