Vikedal Bygdahus har fått innvilga skjenkeløyve for arrangementet quiz og dans som finn stad laurdag 25. januar 2025. Vindafjord kommune har vedteke løyve til skjenking av øl og vin frå klokka 20.30 til 01.30.

Skjenkestyrar for arrangementet er Tone H. Halleraker, medan Gro Anett Espevoll er oppført som avløysar. Løyvet er gitt under føresetnad av at politiet er varsla, og at eventuelle krav frå politiet vert følgt opp.

Arrangementet vil starte med quiz i eit par timar før det held fram med dans og pubkveld der bandet deKinaputters spelar. Det er sett ei aldersgrense på 18 år, og om lag 200 gjester er venta.
Vikedal Bygdahus. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Får servere på quiz og dans