Simoun Chkro og hans El Toro flyttar inn i lokala til Nam Nam mot sør-aust i senteret.
Foto: El Toro
Tysvær
Flyttar inn i Aksdal senter
Aksdal Senter veks stadig, og snart kan dei skilte med ekte street food».
(TYSVÆR BYGDEBLAD:) No er det nemleg klart at Simoun Chkro og hans El Toro tek over lokala til Nam Nam på den sør-austlege sida av senteret.
Chkro driv allereie ein El Toro-restaurant på Norheim, like ved Karmsund bru.
På restaurantens heimeside får dei mykje skryt frå kundane:
— Enten du er glad i kebab, pizza eller hamburger, ligg maten frå El Toro heilt i toppen på Haugalandet.