Sunniva Rødne(t.v.), Tom Rødne og Morten Rødne spelte kubespel i varmen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Sunniva Rødne(t.v.), Tom Rødne og Morten Rødne spelte kubespel i varmen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Arbeidsulykke, ferie og frustrasjon på topp i april

Grannar presenterer dei ti mest leste sakene frå april – og øvst på lista er ei arbeidsulykke i Ølen, påskeinnrykk og sommarvêr i Skånevik, og kraftig frustrasjon etter ope møte med kommunen.

Den mest leste saka i april blei publisert 4. april og handla om ei alvorleg arbeidsulykke ved ei bedrift i Ølen. Klokka 11.08 denne torsdagen fekk operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt melding om at ein person hadde fått foten under hjulet på ein lastebilhengar. Vedkomande blei frigjort og frakta til Haugesund sjukehus med smerter i føtene. Politiet gjennomførte åstadundersøking og vitneavhøyr og det blei oppretta sak.

På andreplass fann me ei gladnyheit for lesarane: fotokonkurransen «Blinkskotet!», som blei publisert 16. april. Her blei lesarane invitert til å dela sine påskebilete frå Etne og Vindafjord. Grannar lokka med Flax-lodd og moglegheita for å bli millionær – noko som tydelegvis engasjerte mange.

Eitt av bidraga til Blinkskotet i april: Amund og Marthe lager suppe på hytta. Foto: Elin Leknes Roa

Aprilspøk og påske

Fart og trafikk skaper som oftast interesse, og det gjorde det også denne gongen. Natt til måndag 14. april blei ein bil stoppa i 60-sona på E134 i Vats. Bilen blei målt til 89 kilometer i timen, og føraren – ein mann i 50-åra – fekk førarkortet inndrege.

Det store påskeinnrykket i Skånevik fekk òg brei lesarskare då reportasjen blei publisert 20. april. Sol, badeliv, kubbaspel og fullt sentrum prega bygda i høgtida. Turistar, hyttefolk og bubilturistar fann vegen til fjordbygda, og mange handla, åt og bada. Lokale aktørar som Sjøkanten Trivsel, Spar Skånevik og Alfee melde om høg aktivitet og gode dagar. Fleire meinte at det minna om Skånevik Bluesfestival, sjølv om det var påskestemning og ikkje sommar-rock som prega bygda.

Få dagar tidlegare, 1. april, blei eit debattinnlegg publisert med tittelen «Aprilspøken til Fredheim». Det var eit utspel frå Lasse Fredheim (H) i Rogaland fylke som skapte reaksjonar. Han meinte Vindafjord burde ta rekninga for kollektivtilbod som fylket hadde kutta. Utspelet blei kalla ein aprilspøk av fleire lokalpolitikarar, mellom anna ordførar Ole Johan Vierdal og representantar frå Senterpartiet.

Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, og Harald Løland var to av dei som reagerte på utspelet til Lasse Fredheim.
Arkivfoto

Blålys og landbrukspolitikk

Den 6. april blei det meldt om røykutvikling i ein fleirmannsbustad på Haugane i Ølen. Ingen personar var heime, men alarmen hadde gått, og politiet og brannvesenet rykte ut og sjekka staden. Det blei ikkje meldt om skade, men saka blei godt lest på nett.

Ei sak som skapte mykje engasjement lokalt, og stor trafikk på nettet, handla om frustrasjonen etter eit ope møte i Skånevik. Artikkelen blei publisert 2. april. Etne kommune hadde invitert til informasjonsmøte om tenestetilbodet, men avgrensa tid til spørsmål førte til misnøye blant dei 120 frammøtte. Fungerande kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse innrømte at det burde vore sett av meir tid.

På Hamre i Ølen bur Sigurd Fresvik, og 11. april delte han si historie om ein gard han ikkje lenger kan leva av. Han har brukt livet sitt på å driva og halda landskapet i hevd, men fortel om korleis moderne landbrukspolitikk har gjort garden lite verdifull. Fresvik har sjølv rydda store steinvollar og opparbeidd areal, men meiner det er vanskeleg å overlata noko som økonomisk monnar til neste generasjon. Saka engasjerte mange.

Her er steinhaugar samla langs vegen opp mot skogen i overkant av garden. FOTO: Nils Tokheim

Byggeselskap tok arrest

Same dag, 11. april, blei det også meldt om ein omfattande fartskontroll på E134 ved Viskjer i Åkrafjorden. 22 bilførarar fekk bot, og ein person mista førarkortet etter å ha blitt målt til 120 km/t i ei 80-sone.

Den siste av dei ti mest leste sakene blei publisert 16. april og handlar om byggjeselskapet Vigor Bygg AS i Etne, som fekk medhald i Haugaland og Sunnhordland tingrett om å ta arrest i formuesgode hos Husnes Brygge AS og dagleg leiar Knut Rune Fatland. Bakgrunnen er ein konflikt knytt til eit bustadprosjekt til 75 millionar kroner. Vigor meiner dei har til gode 15 millionar, og retten fryktar at verdiane vil forsvinna før ein rettskraftig dom ligg føre.

Husnes Brygge
Skjermdump: Husnes Brygge