Det var nerve i nabo-oppgjeret mellom Etne og Vats 94/Skjoldar til siste slutt. Det stod 1-1 til pause, etter at Tøres Rullestad sendte heimelaget i føringa. Tobias Haugen Moe netta for dei gul-svarte straks etterpå.
Etne kom best ut etter pause og gjekk opp i 2-1 etter ei fin avslutning av Sigbjørn Sævareid. Etne auka leiinga til 3-1 på eit sjølvmål, medan Kristian Langeland fastsette sluttresultatet til 3-2 etter omlag 70 minuttar. Dei siste 20 minutta enda mållause, og Etne kunne endeleg juble for siger igjen.
Ølen sin bortekamp mot Rubbestadnes enda i det reine målkalaset. 3-5 vart resultatet, etter at Ølen først tok leiinga med 0-4. Men heimelaget kom tilbake til 3-4, og gav Vindafjordlaget kamp om poenga. Men Ølen redda dei tre poenga til slutt, og resultatet sendte dei opp i teten på tabellen, to poeng føre Etne. Bjørn Tore Lunde skåra sitt andre hattrick for sesongen, og Rune Torstenbø ordna dei to andre måla.
Vard 2 kan gå opp på same poengsum som Ølen dersom dei slår Stegaberg i morgon, fredag.
Les meir om kampane i måndagens papiravis.