Mange bøter i Skjold

Politiet skreiv ut heile 23 forenkla førelegg under ein fartskontroll på E134 i Skjold i løpet av halvanna time om kvelden første påskedag. Fartskontrollen blei halde i 60-sona og høgaste fart blei målt til 74 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt.  I løpet av tre kontrollar første påskedag, fordelt på E39 Stord og E134 i Etne og Skjold, talde UP 106 brot på fartsgrensene. To sjåførar fekk beslaglagt førarkorta og høgaste fart blei målt på Stord; 101 km/t I 60-sone.