Av Grethe Hopland Ravn og Torstein Tysvær Nymoen
Rundt klokka 12.30 tysdag fekk politiet inn melding om slagsmål utanfor avdelinga for vaksenopplæring i Ølen. Slagsmålet utvikla seg til dramatisk då ein mann i 20-åra stakk ein annan mann (40) med kniv. Dette skal ha skjedd utandørs, og dei to involverte er begge av utanlandsk opphav.
Politioverbetjent Jørgen Torstveit ved Etne og Vindafjord lensmannskontor seier til Grannar at politiet var raskt til staden sidan lensmannskontoret ligg tvers over vegen for vaksenopplæringa. Politiet væpna seg og pågripinga var udramatisk.
— Eg kan ikkje seie noko om kva som har skjedd i forkant av knivstikka, eller noko om motiv. Det må den vidare etterforskinga leie fram til, seier han.
Frakta med luftambulanse
Den mistenke vart plassert i ein tenestebil fram til ein patrulje frå Haugesund politistasjon kom til Ølen og henta mannen. Han vart køyrd frå åstaden i 13.30-tida.
Det skal vera minst tre vitne til hendinga, og politiet har starta med avhøyr av vitne.
Den skadde er frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus. Klokka 19.15 tysdag melder Stavanger universitetssjukehus at offeret er lettare skada som følgje av knivstikkinga.
— Første gongen
Det har vore drift ved vaksenopplæringa i Ølen i 16 år.
— Me har aldri hatt ei slik hending her før, og me er like leie oss alle saman, både elevar og tilsette. Vi forstår jo ikkje heilt kva som har skjedd,. Det er jo hendingar som dette dei har flykta frå, seier flyktningkosulent Grete Utstrand i Vindafjord kommune til Grannar.
Ho opplyser at det var om lag 30 elevar på området då hendinga skjedde, men at det berre var nokre få av dei som såg sjølve hendinga som fann stad i ein pause i undervisninga.
Ho legg til at elevane, som er flyktningar, fryktar at slike hendingar kan vere med på å stigmatisere flyktningegruppa.
— Dei er redde for at folk skal tru at dei alle kan gjere noko slikt som skjedde i dag, noko som sjølvsagt ikkje er tilfelle, legg ho vekt på.
Ho fortel at Vindafjord kommune sitt kriseteam er kalla saman, og alle som var til stades vil få tilbod om samtalar med dei.