Mannen bak Trolljuv Adrenalinpark, som mellom anna tilbyr strikkhopp og såkalla zipline-aktivitetar ved Trolljuv bru på gamlevegen i Åkrafjorden, har søkt om forlenga løyve til å drive aktivitetane sine. Det siste løyvet gjekk ut i haust.
— Planlagt oppstart i 2017 er 27. mai, skriv daglig leiar Petter Kvalsvik i reiselivsverksemda Strikkhopp & Sånt AS i søknaden til Statens Vegvesen som eig brua.
Søknaden frå den Tromsø-baserte verksemda er ikkje handsama enno. Om vegvesenet gir grønt lys, blir 2017 den niande strake sesongen med adrenalin-kick ved den gamle brua.
Verksemda Strikkhopp & Sånt, som også har aktivitetar i Nord-Norge, omsette i 2015 for 1,2 millionar kroner og hadde ifølgje rekneskapsregisteret eit overskot på 199.000 kroner same år. Petter Kvalsvik eig alle aksjane i verksemda.