Vera Gjerde og Inger Constanse Eidhammer Lunde skal vera influenserar for Vindafjord kommune i sommar. FOTO PRIVAT
Vera Gjerde og Inger Constanse Eidhammer Lunde skal vera influenserar for Vindafjord kommune i sommar. FOTO PRIVAT

Influensarar for Vindafjord

To unge vindafjordingar skal bruke sommaren på å skapa videoar og bilete som løftar fram arbeidsliv og kvardagsliv i kommunen – alt med mål om å lokka fleire heim.

I sommar skal Inger Constanse Eidhammer Lunde og Vera Gjerde vera influensarar for Vindafjord kommune.

Gjennom sommaren skal dei produsere videoar, bilete og innhald for sosiale medium som viser fram Vindafjord som ein attraktiv stad å bu og jobba. Målet er å bidra til rekruttering, styrka omdøme og skapa ein base av innhald kommunen kan bruke vidare – alt sett i eit ungt og kreativt perspektiv.

Dei er tilsett i 100 prosent stilling i seks veker medan dei har sommarferie frå studiene.

— Eg gleder meg veldig og ser fram til ein kjekk sommar. Vindafjord er ein attraktiv kommune å bu, og det er unikt med det gode næringslivet. Nå gjeld det å setja lys på dette for oss, seier Inger Constanse Eidhammer Lunde.

Vera kjem frå Vikedal og Inger Constanse kjem frå Etne, medan mora bur i Ølensvåg. Begge to studerer i Bergen, men kjem heim til sommaren for å jobba.

— Dette er jo noko heilt nytt, det er ikkje kvar dag ein får slike moglegheiter. Det blir jo ei utfordring som me nå skal få løysa på vår måte, seier Vera Gjerde.

Sildikon Valley

Vindafjord kommune er med i Sildikon Valley som er eit tiltak i Haugaland Vekst sitt arbeid med omdømmebygging og talentrekruttering. Det er eit opplegg som går over seks veker på sommaren, og det er gjennom dette prosjektet influensarane har blitt tilsett. Kommunen bestemte seg for dei ville ha eit prosjekt som gjekk ut på å at kommunen får vist seg fram som arbeidsgivar, og kva dei har å tilby som ein attraktiv arbeidsplass. Å då ønskte dei å få det unge blikket på kommunen.

— Me ønskte å treffa framtidige arbeidstakarar hjå oss via dette prosjektet i Sildikon Valley. Nå får me det unge blikket på kommunen, seier Anne Solveig Kvinnesland som er HR – rådgjevar i Vindafjord kommune.

Sildikon Valley

Kva er det?
Sommarprogram og internship for studentar (bachelor/master) frå norske universitet og høgskular, arrangert av Haugaland Vekst med samarbeidspartnerar i Talentsamarbeide.

Når?
6 veker: midten av juni til slutten av juli kvar sommar (t.d. 16. juni–25. juli 2025) .

Kor?
Haugalandet – i lokale bedrifter og kommunar, med faste samlingar i regionen

Målgruppe:
Studenter innan teknologi, innovasjon, kommunikasjon, ingeniørfag, medievitskap, samfunnsfag, etc.

Programaktivitetar:

  • Løysa reelle utfordringar i samarbeid med bedrifter og kommunar
  • Faglege og sosiale samlingar kvar veke (design sprint, bedriftsbesøk, mingel, filmkveld, prisutdeling m.m.)
  • Avslutningspresentasjon og konkurranse med fagjury og premiering