Fredag kveld vart siste serierunden i 5. divisjon spela. Spenninga låg i om Ølen eller Etne skulle bli det beste lokale laget på tabellen. Ølen hadde overtaket før runden med 3 poeng og 4 plussmål meir enn nabo-rivalen. Ølen møtte seriemeisteren Skudenes, og spelte ein svært god kamp og vann 3-0. Skoringane vart sett inn av Aleksander Habbestad, Rune Torstenbø og Stian Haugland.
Etne gjorde jobben heime mot Karmsund og vann heile 9-4. Måla vart skora av Kristoffer Grønstad(4), Åsmund Norheim(3), Sverre Fjæra og Lukas Chybowski. Etne enda med dette opp med 4. plassen.
Vats94/Skjoldar avslutta óg sesongen med siger. Haugar 2 vart sendt heim med 5-2 i sekken. Målskorarar i Vats var Øystein B Gjellestad(3), Kristian Langeland og eitt sjølvmål. Laget vart det 5. beste laget på tabellen.
Les meir om kampane i måndagens papiravis, der me óg oppsummerer årets sesong for dei lokale laga.