To mål etter pause sikra Etne siger og tre poeng mot Haugar 2 måndag kveld. Åsmund Norheim førte heimelaget opp i leiinga på straffespark etter 30. minuttar, men gjestene frå Haugesund kvitterte like etter. Stillinga 1-1 heldt seg til det 73. minuttet. Kristoffer Grønstad sørgde for jubel i Etne, og like før slutt ordna Tøres Rullestad ny skåring og dermed 3-1 i dommaren sin protokoll. Etter 13 serierundar ligg Etne på ein klar andreplass, seks poeng bak Skudenes.
Tabell 5. divisjon
Lag | Kampar | Poeng | |
1 | Skudenes | 13 | 34 |
2 | Etne | 13 | 28 |
3 | Hemmingstad | 13 | 24 |
4 | Kopervik 2 | 13 | 23 |
5 | Vats 94 / Skjoldar | 13 | 21 |
6 | Ølen | 12 | 21 |
7 | Karmsund | 13 | 19 |
8 | Nord | 13 | 16 |
9 | Haugar 2 | 13 | 14 |
10 | Leirvik BK | 12 | 8 |
11 | Vedavåg Karmøy 2 | 12 | 7 |
12 | Ferkingstad | 12 | 4 |