— Det var utruleg herleg å kunna fullføra ein finale i NM utan problem og feil, og til slutt køyra inn til siger, seier ein nøgd vikedalsbu etter ei perfekt NM-opning i Skien ifylgje ei pressemelding frå Holtenmedia.
I dei innleiande omgangane på Grenland motorbane køyrde Holten jamt, og hadde tre tredjetider laurdag, som gjorde at han var kvalifisert til A-finale alt etter køyringa første dag.
— Me gjorde små justeringar på bilen undervegs og den gjekk fortare og fortare, og å kunna enda på toppen av pallen til slutt er ein kjempebonus, seier 24-åringen og legg til at dei stadig får gode svar på innsatsen som er lagt ned på bilen i vinter.
Neste NM-runde går på Gardermoen om fjorten dagar.