Det lønnar seg som oftast å følgje med på trafikkskilt. Det fekk tre førarar erfare i Sandeid sentrum torsdag ettermiddag. Då hadde politiet kontroll, og tre personar måtte signere på forenkla førelegg for å ha oversett eit stans forboden-skilt, fortel politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.