Duathlon slo godt an under fjorårets marknad. Nå blir arrangementet utvida til eit eige barneløp.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Duathlon slo godt an under fjorårets marknad. Nå blir arrangementet utvida til eit eige barneløp. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Meir og utvida duathlon

Etnemarknaden gjentar fjorårets suksess med duathlon , og denne gongen skal dei minste også få bryne seg på ei tilpassa, kombinert løp- og sykkelløype.

Det blir kalla mini-duathlon, og skal skje samstundes med senior-utgåva under marknaden laurdag 8. august.

— Dei skal starte og gå i mål i same området som dei vaksne, det trur me blir ekstra stas for dei minste, melder prosjektleiar i Etnemarknaden,Yvonne Sandgren.

me trur det blir ekstra stas for dei minste

Opp til 12 år

Løypa for ungane skal vere rundt éin kilometer lang, og gå rundt på marknadsområdet. Det bir premiering av alle deltakarar når dei går i mål.

— Det er ein forholdsvis fersk idé med duathlon for barn, som har kome opp på dei par siste møta me har hatt, fortel Peter Øren i Etne IL, ein av pådrivarane bak Etne duathlon.

— Det handlar jo hovedsakleg framleis om vaksenløpet, men me tenkte å også finne på noko for borna denne gongen. Me har sett ei øvre aldersgrense på 12 år for mini-duathlon, Og så må dei naturlegvis kunne sykle på tohjul-sykkel, og ha med eigen sykkel og hjelm, fortel han.

Utover desse kriteria er det ingen nedre aldersgrense, såframt foreldra er trygge på å sleppe poden til, får Grannar vite.
— Påmeldinga til barneduathlonen skjer på marknadsområdet dagen det er løp, kan det vere greit å få med, fortel Øren.

Utvidinga av duathlon-konseptet er tenkt å gå godt saman med temaet som er raud tråd for marknadsgeskjefta i år: barn og ungdom.

— No vidarefører me den suksessen som duathlon for vaksne var i fjor, samstundes som me satsar på borna, melder Etnemarknaden.

— Det passar godt i år, då temaet på Etnemarknaden er Ung2015. Det er kjekt for borna å kunne delta i si eiga løype, medan dei vaksne deltar i sitt løp.

Framleis plass

Løypa til dei vaksne, som Endre Espedal frå Haugesund Triathlon-klubb forserte raskast i fjor, er den same: Sykkel frå Etne til Skånevik, deretter løp postvegen over fjellet og ned til målområdet ved Enge skule.
— Alt i alt er det er nokså likt som i fjor, seier Peter Øren.

— Me skal prøve å få til noko betre dekning undervegs i løpet, med walkie-talkie og andre hjelpemiddel, slik at publikum i målområdet kan følge løpet tettare. Nytt  i år er at det  også skal vere pengepremiar til dei som tar pallplassane, fortel han.
Øren oppmodar alle som vil om å melde seg på.
— Ei tøff løype, det er det, men det er ingenting som hindrar den gjennomsnittlege mosjonisten i å ta tida ein treng og fullføre greitt.
Mange er påmelde, men det er enno kapasitet.
— Mange nye har meldt seg på, samstundes som at mange frå i fjor returnerer. Ein kan melde seg på heilt fram til ei veke før startskuddet går, fortel Øren.