Etter ein svak sesongstart, er Skånevik skikkeleg i siget i fotballens 5. divisjon. Torsdag kveld blei det ny siger, denne gong 5-1 mot Falkeid. Det stod 3-0 ved pause. Ove Stramsøy signerte det første målet på Skånevik stadion, men kveldens store spelar blei Arve Ribesen som signerte dei fire neste for heimelaget. Skånevik har vunne dei to siste kampane og har nå kontakt med laga over seg på tabellen. Etne tapte sin kamp i torsdagens runde då dei var i Karmøy for møta Nord. Resultatet blei 4-2 til heimelaget.