Grannar inviterer lesarane til å senda inn bilde til ein konkurranse der vinnaren og eit utval andre gode foto blir presenterte i Sommarmagasinet 2015 som blir gitt ut første veka i juni.
I fjor utfordra me lesarane til å senda bilde frå heimbygda si, tatt i sommarhalvåret. Svært mange gode bidrag kom inn, ein klar indikasjon på at det finst mange dyktige hobbyfotografar blant lesarane våre.
I år har me enkelt og greitt sett «Mitt blinkskot» som tema, men ynskjer sjølvsagt at bildet skal ha preg av årstida me nå går inn i.
For å delta i konkurransen må bildet vera tatt ein stad i Vindafjord kommune eller i Etne kommune.
Vinnarbildet blir premiert med ein mini iPad. Juryen vil legga vekt på både kvalitet, fargar og lys, samt komposisjon i bildet.
Slik gjer du det
Send epost til foto@grannar.no, og merk bildet med «fotokonkurranse». Ha med ein tekst som fortel kor bildet er frå, kva det syner og eventuelle namn på personar på bilde (frå venstre), og sjølvsagt kven som har tatt bildet. Og bildet bør ha god oppløysing slik at det eignar seg for trykk.
Siste frist for å senda inn bilde er 20. mai.
Lukke til!
Arne Frøkedal
redaktør