Ingen blei skadd i eit trafikkuhell på E134, ved Fikse på Etne-sida rundt kl 13.0 måndag. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melder at ein lastebil lasta med 30 tonn pukk, køyrde av vegen.
Vegen er nå open for trafikk, men det er manuell dirigering på staden. Politiet opplyser at det vil ta litt tid å reinske opp etter ulykka. Vegen vil bli stengt når lastebilen skal fjernast.