Mistenkeleg lapp i dører

Etne og Vindafjord lensmannskontor ber alle vere merksam, og gjerne ta bilete av folk og bilar som opptrer mistenkeleg.

Dette skjer etter at politiet den siste tida har fått meldingar frå folk i både Vindafjord og Etne som har funne lappar rundt døra, noko som kan vere ein indikasjon på at uvedkommande utan reint mjøl i posen ferdast i distriktet. Her kan tips frå publikum vere avgjereande.

— Vi held no på med ei sak kor eit bilete som nokon har tatt av ein mistenkeleg bil, kan vere avgjerande for utfallet av saka, seier lensmann Ingvar Gjærde.

Han ønskte onsdag ikkje å gå i detalj om kva den konkrete saka dreier seg om.