Skånevik sitt A-lag var først ut i årets fotballsesong. Det nyopprykka laget greidde 2-2 i sin første 5. divisjonskamp på fleire år.
Motstandar var Nord frå Karmøy. Det stod 1-0 til heimelaget ved pause etter skåring på straffe av Ove Straumsøy. Etter sidebytte utlikna Sindre Eliassen for gjestene. Leo Andre Markhus sytte for ny leiing til Skånevik, men Nord kom tilbake og sikra uavgjort ved Michael Sandor.
Kampen var prega av mange gule kort, to til heimelaget og tre til gjestene som også fekk éin spelar utvist i det 68. minutt.
I same divisjon er det duka for lokaloppgjer mellom Ølen og Etne i kveld, medan Vats 94 Skjoldara startar ute mot Djerv 1919 fredag.
Les meir om seriepremieren i måndagens avis!