Rektor Gustav Fosse meiner ulempene blir for store for Lundaneset.
Rektor Gustav Fosse meiner ulempene blir for store for Lundaneset.

Eit nytt steg for Lundeneset

Lundeneset videregående skole startar det nye året med å investere i eit nybygg

Det blir gjort for å heve kvaliteten og skape ein enklare kvardag.

Prislappen kan bli nærmare 25 millionar kroner for rundt tusen ekstra kvadratmeter for den private vidaregåande skulen.

— Det er tøft å investere såpass mykje, men eg trur vi skal makte det. Nærmare éin million ekstra berre i renteutgifter er ein del for oss. Utbygginga vil heve kvaliteten på skulen og vere med på å halde oppe dei høge søkjartala vi har, seier Gustav Løge Fosse, rektor ved skulen.

Riggar for vekst

Bygget blir plassert på høgdedraget mot fjorden i Ølensvåg, og blir eit godt synleg signalbygg.

Dei siste 15 åra har skulen investert i fleire omgangar for nærmare 30 millionar kroner. Den største var i 2005 då dei bygde nye klasserom og 20 nye internatrom, med ein totalpris på 15 millionar. Totalt har skulen i dag 7.860 kvadratmeter til disposisjon til skule og internat.

Skulen var gjennom ein ekspansiv periode der både søknaden og elevtalet auka. I dag er det 182 elevar ved skulen som er godkjent for 288, og som dermed kunne ha to parallelle klassar på studiespesialisering.

Men veksten på skulen har stoppa opp fordi dei ikkje har fleire internatplassar. Så å seie alle som søkjer på skulen, vil også bu der.

— Nybygget er først og fremst for å gjere kvardagen enklare, pluss at tilbodet til elevane blir betre. Samstundes riggar vi oss også for vidare vekst som kan kome seinare, seier Fosse.

Har planar

Utbygginga vil ikkje gi skulen fleire elevar og dermed større inntekter, men den er nødvendig likevel, påpeikar rektoren. Eigaren Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har gitt klarsignal til ei låneramme på 20 millionar kroner, samstundes som Lundeneset har litt å rutte med av eiga lomme.

Prøveballongar inn til eigaren for å få ein auke av internatkapasiteten, har ikkje fått gehør enno. NLM har ein felles låneportefølje og styrer difor investeringane i Ølensvåg.

Dersom skulen skal ha parallellklassar på studiespesialisering, ville det bety ei investering på 70-80 millionar kroner. Men det er tida altså ikkje inne for.

— Når vi har langt fleire søkjarar enn vi kan seie ja til, er det synd at vi må avvise ungdom som har lyst til å gå her. Snittet for å kome inn er ganske høgt, seier Fosse.

Men også med dagens elevtal må skulen investere, sidan 32 rom og sengeplassar er i ein modulbygning som er mellombels godkjent på grunn av støy frå industrinaboen Westcon.

Bygget kom for fire år sidan og Lundeneset har dispensasjon i tre år til.

Betre fritid

— Vi kan søkje om ny mellombels godkjenning, elles har vi eit problem. Tilgangen på areal er ikkje avklara for ei slik utbygging, seier rektoren.

Men no er det dagens nybygg som opptar Lundeneset. Fosse er spent på resultatet når dei sender prosjektet ut på anbod denne veka. Han har forhåpningar om at det blir rift etter å få oppdraget, og at prisen blir gunstig.

Det er tøft å investere såpass mykje, men eg trur vi skal makte det

Det nye bygget gir opphaldsrom, møte- og føredragssal som også kan brukast til konsertar, pluss klasserom i kjellaren.

— Vi har daglege fellessamlingar i gymbygget der vi tar inn og ut stolar kvar gong. Det slepp vi når nybygget står klart. Dessutan får vi frigjort rom i gymbygget som elevane i framtida kan bruke til trening og fritid, forklarer han.

Det er heller ikkje ideelt å ha klasserom i etasjen under der gymtimen utfaldar seg.

Realfag til gode

I kjellaren i nybygget blir det tre undervisningsrom for realfag, med utstyr for naturfag og kjemi. Det vil gi eit løft for denne studieretninga.

— Vi har fleire som vel realfag, rundt 15-20 av eit klassetrinn på 30. Det har samanheng med at vi har fått fleire flinke elevar med veksten i søkjartalet, og dermed høgare karaktersnitt for å kome inn, forklarar Fosse.

Neste år skal Lundeneset vidaregående skole feire 50-årsjubileum, men nybygget blir neppe ferdig før i slutten av året. Med jubileum og nybygg på agendaen håper Fosse det kan bli eit ekstra løft frå mange støttespelarar av skulen, og som normalt resulterer i éin million i årlege gåveinntekter.