Ølen tok oppskriftsmessig leiinga då Vedavåg/Karmøy 2 var på besøk måndag kveld, men så snudde det. Gjestene kunne gå til pause med leiing 1-2, og heller ikkje i andre omgang greidde heimelaget å setja inn den endelege støyten. Då kampen ebba ut stod det 3-4 til botnlaget frå Karmøy.
For Ølen skåra Magne Christiansen (2) og Steinar Matre.