Promille og vald

Politiet hadde i helga to saker i distriktet. Natt til sundag blei ein mann i 20-årsalderen utsett for vald. Han meldte sjølv frå til politiet om at han blei skalla ned. Gjerningsmannen skal vera kjent, og politiet fylgjer forholdet opp.

Sundag føremiddag blei ein utanlandsk mann tatt i promillekontroll på E134 i Ølen. Sjåføren bles godt over lovleg grense og blodrøve blei tatt.