Det tradisjonsrike løpet TrongjoNed i Etne samla 37 løparar under fredagens løp. Marius-Emil Salvesen frå Åkra IL sette ny løyperekord og vann med tida 5.45. Beste kvinne vart Elisabeth Silde frå Etne IL, med tida 8.37. Løypa som går langs Stordalsvatnet startar med 1600 meter nedoverbakke før den flatar ut siste 700 meter. I tillegg stilte 24 deltakarar i turklassen.
Løyperekord i TrongjoNed
Stor deltaking