Arbeidsuhell i Etne

Ei kvinne i 50-åra vart fredag ettermiddag utsett for eit arbeidsuhell ved ei vaskeribedrift i Etne. Kvinna fekk straum i seg og vart sendt til sjukehus. Det er ikkje meldt om livstrugande skader.