Etter langt sjukeavbrekk og manglande treningsgrunnlag, imponerte 30-åringen frå Skånevik alle under fredagens klassisk OL-renn. Medan dei forventa beste norske korta svikta, sto Jespersen distansen godt.
I mål var han berre 20 sekundar bak pallen og vel eitt minutt bak gullet. Suveren vinnar var sveitsiske Dario Colgogna, føre svenskane Johan Olsson og Daniel Richardsson.
På ein tung dag for nordmennene, tok Chris Jespersen ansvar i løypa. Iført shorts i den sommarvarme Sotsji-lufta, la den lokale skihelten godt i veg. På det beste låg han som nummer fire, 21 sekundar bak leiande Cologna.
I dei tøffe motbakkane utover i løpet, måtte nordmennene gi tapt for dei beste, men Jespersen var den som stod distansen best av dei norske.
På stafettlaget
Plasseringa og den sterke innsatsen gjer at det blir vanskeleg å koma utanom Chris Jespersen når sundagens stafettlag skal takast ut.
Til TV2-uttale Jespersen like etter målgang:
— Eg føler eg må halda igjen heile vegen, må stoppa opp litt. Eg reknar med at eg er med på sundag for å kjempa om gullet. Det ser slik ut nå.
Håpar at Petter Northug får lada opp skikkeleg for å vera med på sundag. Eg trur me har eit bra lag, sa Jespersen om den komande stafetten. Han beskreiv også løypene som «forferdelege».
Forferdeleg var også tv-produksjonen, sett med patriotiske auge. Dei norske var knapt å sjå i tv-ruta, og dei som spent fylgde Jespersen, fekk berre glimt av han i start og mål.
Gi din kommentar elle send helsing til OL-helten
Saka er open for kommentar