Klokka 06 onsdag morgon fekk politiet melding om at ein mann i løpet av natta hadde krasja med firhjullingen sin i ein betongkloss for deretter å køyre av vegen på fylkesveg 48 i Skånevik. Mannen vart henta av luftambulanse etter at sannsynlegvis ha ligge ute i mange timar, fortel lensmann Ingvar Gjærde, som trur at mannen sannsynlegvis er lettare skadd. Mannen var bevisst då han vart funnen, og det er tatt dei vanlege prøvane av han.