Befolkningskurva i Hordaland peiker sterkt oppover, og onsdag 27. mars når me heile 500.000 innbyggjarar. Milestolpen vart nådd i Bergen, der ei lita jente vart fødd, ifølgje Bergens Tidende. Generelt er det Bergen som står for mykje av folketilveksten, nærmare bestemt 55 prosent. Folketalet i Hordaland auka med 7.565, med fødselsoverskot på 2.446 og innflyttaroverskot på 5.134.
Hordaland er det tredje fylket i landet som når ein halv million innbyggjarar, og ligg i hælane på Oslo og Akershus når det kjem til storleik på innbyggjartalet. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen lovar at denne milestolpen skal markerast, men detaljane er førebels ukjende.