Vintertemperaturane har framleis ikkje slept taket, og Fylkesmannen i Rogaland understrekar difor at bøndene ikkje kan starte med spreiing av husdyrgjødsel før etter mars. I dei lågare områda i fylket har det vore vanleg at bøndene startar med spreiing av husdyrgjødsel i midten av mars. Det er meldt om minusgrader ut månaden. Etter den tid vil det ta tid før frosten og tela i bakken tinar, noko som må skje før husdyrgjødsel kan spreiast, jamfør husdyrgjødselforskrifta paragraf 23. Minst 15 centimeter av det øvste jordlaget skal vere tint opp når det skal spreiast på det godkjende spreiearealet.