At det lønar seg å bretta kartongar og resirkulera dei til Haugaland interkommunale miljøverk (HIM), kan Anne Wenche Vik signera på. Sist veke fekk no telefon frå leiar ved informasjon og plan i HIM, Magnus Hauge om at ho var trekt ut som vinnar av 10.000 norske kroner.
— Eg blei svært overraska over den glade meldinga, for eg trudde det var ein telefonseljar som ville ha tak i meg, seier den heldige vinnaren.
Hauge bekreftar at det ikkje har vore lett å få tak i Vik, og at han brukte ei heil veke på å nå fram. Då han endeleg fekk svar, var det kjekt å få lov til å fortelja at vinnaren som kjem frå Vikebygd, var blitt 10.000 kroner rikare.
Anne Wenche Vik har i mange år bretta og resirkulert kartongar på denne måten, men har aldri tenkt på at ho skal enda opp som heldig vinnar ein dag. No når ho står med beviset i handa, og er blitt ein smule rikare enn før, veit ho at det er nok å bruka pengane på.
— Me har tenkt litt på å setja inn ei varmepumpe i kjellaren, så kanskje pengane går til det? seier Vik som ikkje har bestemt seg heilt enda. Med tre barn i hus, er det grunn til å tru at litt drypp også på dei, tilføyer ho.
Kube av sju kartongar
Administrerande direktør i HIM, Gro Staveland, fortel at mange husstandar i vårt distrikt er flinkare enn nokon gong før til å bretta kartongar, men mange gløymer å skriva namn og telefonnummer på kartongane.
— Når ein skal trekkja ut vinnarar frå dei resirkulerte kartongane, finn me mange gonger ein heilt perfekt kube, men så står det ikkje namn og nummer på. Og når eg seier kube, meiner eg seks kartongar, enten av mjølk, juice eller fløyte, som er stappa nedi den sjuande kartongen. Dei som er pakka saman med mindre enn sju kartongar, får ikkje vera med i trekninga, seier Staveland.
Stor miljøgevinst
I Noreg brukar me om lag 750 millionar drikkekartongar kvart år, og det betyr at kvar enkelt nordmann må kvitta seg med 160 kartongar årleg.
Å gjenvinna papir, kartong, metall eller liknande er langt mindre energikrevjande enn å laga nye produkt av råvarer. Derfor er gevinsten stor for miljøet når folk sorterer eige avfall.
— Drikkekartongen er ein veldig edel papirform og er veldig god å resirkulera fleire gonger, seier Haugen