Promillekjøring i Ølensvåg

Klokka 01.34 natt til søndag blei ein 31 år gammal mann stoppa av politipatrulje i […]

Klokka 01.34 natt til søndag blei ein 31 år gammal mann stoppa av politipatrulje i Ølensvåg etter at politiet hadde observert ei unormal kjøreåtferd. Mannen blåste til godt over promillegrensa og blei framstilt for blodprøve.

Tidlegare same natt hadde politiet promillekontroll på E134 i Ølensvåg frå midnatt og ein time fram. 35 førarar blei kontrollerte, og ingen av dei hadde promille.