Den blir gjennomført i samarbeid med Right To Play og Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité. Dei innsamla midlane går til barn råka av hiv/aids.Me kan alle bidra og ta vel i mot bøsseberarane når dei bankar på døra søndag, eller me kan delta i nettauksjonar på internettet, der me kan by på ting og opplevingar me aldri tidligare har sett. Gallamiddag med Solskjær på Old Trafford i Manchester, ein bilett til OL I Beijing, eller om du treng deg eit par raske utforski, kan du by på Kjetil Andrè Aamodt sine gullski frå OL i Torino. Sidan hiv-viruset vart oppdaga tidleg på 80-talet har aids-epidemien utvikla seg til å bli eit av verdas største humanitære problem. Hiv og aids har vore sett på som noko som fyrst og fremst rammar den seksuelt aktive delen av befolkninga og dei fleste tiltak og ressurser som har vore satt inn for å stanse spreiing av HIV-smitte, har vore retta mot vaksne. Ny medisin gir håp – for kun 1 krone dagen! Medisinane tilpassa barn er både effektive og billige. Med rektig medisinering reduserast dødeligheten for hiv-positive barn til mindre enn fem prosent
Kreativiteten er høg også når det gjeld lokale innslag av midlar, og det kan trengast mykje pengar når UNICEF nå går i gang med arbeidet. Dei fleste barn som smittast av hiv, smittast i svangerskapet, ved fødsel eller amming. Kor stor risikoen barnet har for å bli smitta, avhenger av kor mykje virus mor har i kroppen. I dag får kun 10 prosent av verdens hiv-positive mødre medisin og naudsynt opplæring. Helsevesenet i utviklingsland mangler ofte både kompetanse og penger for å forhindre smitten. UNICEFs mål er å tilby slike tjenester til 80 prosent av alle hiv-positive mødrer innan utgangen av 2010, gjennom å sette lokale helsemyndigheter i stand til hjelpe sine eigne.Det er flott at idretten har lånt fana si til dette prosjektet. Då er ein sikker på maksimal eksponering i media.
På tide å gje
Den blir gjennomført i samarbeid med Right To Play og Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité. […]