Medaljedryss i kjøtt-NM

— Me er godt nøgd med medaljane, men er forsiktige med å bruka dette i […]

— Me er godt nøgd med medaljane, men er forsiktige med å bruka dette i marknadsføring. Fallhøgda er stor. Sjølv om ei pølse får gull i denne kåringa, er det ikkje sikkert kundane likar den. Det viktigaste for oss er smaken deira. Den er vår rettesnor, seier Johan Lundal i Johs. Lundal & Sønner.
Åkrafjordverksemda fekk sølv for Åkrafjordpølsa, salami og Vestlandsmorr i klassen for spekepølser. I tillegg fekk spekepølsa Fjellgo bronse.
— Etterkvart har me jo funne ut kva kundane vil ha, men me prøver likevel å bli betre. Det er ofte berre små justeringar som skal til. Det mest positive med kåringa er at bransjen er blitt meir oppteken av kvalitet no enn for berre ti år sidan. Kåringa har sett fokus på det, seier Johan Lundal.
Gullskinke
Også Fatland fekk medaljar under kåringa. I år var det berre Fatland Sandefjord som deltok. Det vart gull for kokt skinke og skinnfri røykt kjøttpølse, medan pepperskinke, røykt kjøttpølse, kokt medisterpølse og steikt snitzel fekk bronse.
— At me får to gull er jo svært positivt. Grunnen til at me ikkje deltek med produkt frå Ølen går på prioriteringar av ressursar, seier konsernsjef Leif Malvin Knutsen i Fatland.
Om dette skal brukast i marknadsføring er derimot ikkje bestemt enno.
— Det har me ikkje diskutert. Kan hende me vil marknadsføra dei to gullmedaljane, men ein stor del av vår produksjon går på handelsindustrien sine eigne varemerke. Kanskje kjem me til å bruka det på eit avgrensa utval der Fatland-namnet kjem fram, seier Knutsen.
Sprengt kapasitet
Men om ikkje medaljane blir mykje brukt i den direkte marknadsføringa, så blir dei synlege bevisa hengt opp i butikklokalet.
— Det er ei god passiv marknadsføring. Det er jo fagfolk som står for kåringa, så det er jo eit kvalitetsstempel, meiner Johan Lundal.
— Vil kåringa bli brukt til å utvida marknaden?
— Etterkvart har me drive så lenge at produkta våre er godt kjende. Problemet vårt er å produsera nok, fortel Lundal som no står midt i ein hektisk produksjon av pinnekjøt. Eit produkt verksemda fekk gull for i fjor. Årets kåring av pinnekjøt skjer i november.
— Produksjonen av pinnekjøt er heilt sprengt. Me har ikkje kapasitet til å produsera nok til å dekka etterspurnaden. Gullet i fjor gjer nok kanskje at det er større etterspurnad i år, seier Lundal.