Modig satsing

I 1964 stengde butikken på Bjellandsnes dørene, og i 1992 drog dei siste fastbuande sin […]

I 1964 stengde butikken på Bjellandsnes dørene, og i 1992 drog dei siste fastbuande sin veg. Etter det har det vore stille og roleg på Bjellandsnes, men nå er det blitt liv og røre igjen. I heile juli har Sellevold servert eit fullspekka program med blant anna fjordkaféløp, idrettsseminar, quiz og auksjon. Mange gode hjelparar har han hatt med seg, men regissør og hovudaktør er Sellevold.

Det har skapt ny blest i grenda, seier Askel Ytrenes, ein av dei som bruker Eintveit som feriebustad, til Grannar. Også kona Gunvor synest at tiltaket er positivt. Det er gledeleg at dei lokale på Bjellandsnes støttar opp om kafédrifta. Det er ein føresetnad for at det heile skulle bli vellykka.

Ein månad av lærarferien sin bruker Sellevold som kafévert på Bjellandsnes. Økonomisk er det inga gullgruve. Han seier til Grannar at han håper at året sett under eitt går i balanse. Med andre ord er det ikkje pengane som driv Sellevold. Sjølv meiner han at det kanskje er minner frå barndomen hans som låg i bakhovudet då han kom på ideen om å starta kafé. Minner som fleire andre nå har fått ta del i, og gjort til sine eigne takka vera idealisten Sellevold.
 
Med Fjordkafeen er også ny kunnskap om eldre dagar kome fram. Den eldre generasjonen kjenner nok til Bjellandsnes, men for mange unge var denne bygda ukjent. Heilt til Fjordkafeen kom. Nå er Bjellandsnes blitt ein plass «alle» har høyrt om.
 
I helga stengde kafeen dørene, og det er på tide for Sellevold å ta ferie. Sellevold vil ikkje kommentera om det blir kafé også til neste år. Det same svaret gav han i fjor.
Me håper at Sellevold sit att med gode minne. Noko kommunal støtte har han fått, og det er også viktig i framtida at kommunen støttar opp om tiltaket. Dette er eit kreativt påfunn, som kan vera med og setja Etne på kartet, både blant norske og utanlandske turistar. Det er rett og slett imponerande å sjå kva Sellevold har fått til med Fjordkafeen.
Me håper at Fjordkafeen også let seg realisera til neste år. Slike unike idear må ein slå ring om.