Trygg på skulevegen

Skulevegen har status som farleg, men den er så langt ikkje prioritert, og folk som […]

Skulevegen har status som farleg, men den er så langt ikkje prioritert, og folk som bur i området føler seg oversett. Det er snakk om ein smal riksveg med ganske mange bilar som passerer i døgnet. Dei har venta i mange år på gang- og sykkelveg, og kravet om at det må skje noko er rimeleg.

Gang- og sykkelsti frå Vestbø vil også knyte denne delen av bygda betre saman med resten av Sandeid. Sikker ferdsel for mjuke trafikantar er eit gode i seg sjølv som skulle vore sterkare prioritert i dei sentrale bygdene i distriktet vårt.
Trass i at det skjer ein god del trafikksikring for mjuke trafikantar, er dette eit område der dei ansvarlege instansane vil sende rekninga vidare til andre. Eit typisk døme er fylkesvegen til det nye byggjefeltet i Osen i Ølen der verken Statens vegvesen, kommunen eller utbyggar er interesserte i å betale for gangveg. Difor er det gitt dispensasjon for ei avgrensa utbygging utan trafikksikring for mjuke trafikantar på den smale vegen.
Det er drastisk å stoppe bustadfeltet på grunn av omsynet til mjuke trafikantar, men behovet er soleklart.

Nyleg gjennomførte prosjekt mellom Ølen og Øklandsvegen, og Osnes og Etnesjøen, er tiltak som har stått på venteliste i mange år. Det er flott at det skjer noko, men ein kan håpe at mjuke trafikantar kjem høgare opp på prioriteringslista i framtida, og at ting skjer litt raskare enn dei har gjort. Det er ikkje mangel på gode prosjekt i distriktet vårt. Blant andre på Vestbø i Sandeid.