Formannskapet klagar

Det vedtok Etne formannskap måndag i eit ekstraordinært møte etter at dei nye takstane har […]

Det vedtok Etne formannskap måndag i eit ekstraordinært møte etter at dei nye takstane har skapt furore blant dei involverte partane.
— Me meiner nivået verkar for høgt, seier ordførar Amund Enge (H) til Grannar.
— Burde ikkje de sett på førehand at ei omtaksering ville gi vesentleg høgare takstar?
— Eg trur ingen såg føre seg at det skulle bli slike takstar. Det var ikkje det som var intensjonen. Takstane var gamle, og nå tok det litt av. Kommunestyret hadde vel ikkje kunnskap om at det var omsetningsverdien som skulle ligga til grunn, seier Enge.
Fleire formannskapsmedlemmer uttrykte skepsis til å klaga til overskattetakstnemnda. Etter mykje att og fram gjorde formannskapet til slutt eit samrøystes vedtak om å klaga på den generelle taksten. Dermed skal overskattetakstnemnda nå gå gjennom takstane på nytt.
— Eg synest det er skattenivået me må sjå på og utsetja dei nye takstane til 2007, sa Ingvor Gundegjerde (Sp).

Nye grenser
Vedtaket om ei utgreiing av eigedomsskatten inneber at promillenivået, grensene for eigedomsskatt og botnfrådraget skal vurderast, i tillegg til iverksetjingstidspunktet av dei nye takstane. Eit mogleg alternativ er å utvida grensene slik at fleire betaler eigedomsskatt, og då vil truleg promillesatsen gå ned. Administrasjonen får i oppgåve å greia dette ut før haustens første kommunestyremøte i september.
Ordføraren viste til at Inge W. Danielsen i Geoservice Trondheim meiner at Etne sentrum oppfyller definisjonen som utbygd på bymessig vis.
— Danielsen er ikkje i tvil om at Enge, Kambe, Silde og Stødle kan reknast som bymessig vis. Det vil seia at me kan innføra eigedomsskatt oppe på Stødle viss me vil det, sa Enge.
Ordføraren presiserer at dersom grensene for eigedomsskatt blir utvida, vil det tidlegast skje frå 2007. Ein eventuell reduksjon av promillesatsen kan derimot innførast frå i år av.

Ulik sats
For å illustrera kor vanskeleg det er når ein legg omsetningsverdien til grunn for eigedomsskatten, brukte stabssjef Jan Vinje Skånevik Fjordhotell som eksempel.
— For nokre år sidan blei Skånevik Fjordhotell selt for 12 millionar, i fjor blei det selt for fem og nå er taksten sett til ti millionar, sa Vinje.
— Det er mange ting som påverkar ein omsetningsverdi. Det blir ikkje gjort skjønnsmessige vurderingar, men det kan overskattetakstnemnda gjera, sa rådmann Elling Hetland.
Stabssjef Vinje fortalte til formannskapet at ei løysing kan vera å ha differensiert skattesats på verk og bruk, og bustadhus, men presiserte at dette ikkje var prøvd i retten og at det difor innebar ein viss utryggleik i forhold til lovlegheita.
Mot to røyster vedtok formannskapet forslaget om ei nærmare utgreiing av eigedomsskatten. Ingvor Gundegjerde og Reidar Ebne (Frp) stemte imot.
— Utgreiing er positivt, men eg er redd me skal trø skeivt. Eg synest det blei for lite tid og har lyst til å diskutera det med gruppa, seier Gundegjerde til Grannar.