Dagleg leiar har gått frå si stilling (04.09.2004) og styret sin samansetning har endra seg i perioden, seinast med melding til Brønnøysundregisteret 07.03.2005, utan at generalforsamling er halde. Etter årsmøtet for 2002 er det ikkje avhalde årsmøte, og andelseigarane har såleis ikkje fått førelagd eller hatt høve til å uttala seg verken om regnskap, årsmelding eller samansetning av styret. Dette er i strid med vedtektene til AL Skånevik Vannverk.
Då det er ukjent for andelseigarane, dei i Skånevik som betaler for dei tenestene AL Skånevik Vannverk leverer, kva som har føregått i andelslaget dei vel to siste åra, er det på høg tid å få opplyst kva som skjer i verksemda.
På grunn av dette har underteikna lagt ut lister i 5 av butikkane i Skånevik med følgjande tekst:
Skånevik Vannverk – Årsmøte for 2003-2004 Styret
Styremedlemene er etter vedtektene valde for 2 år og funksjonstida for heile styret er nå utgått. Etter vedtektene skal årsmøtet seinast avhaldast ved utgangen av mai året etter.
Årsmøtet for 2003 og 2004 er ikkje halde og årsmelding og regnskap for desse åra er ikkje godkjent av revisor.
Underskrivne andelseigarar krev at årsmøtet for 2003-2004 vert halde straks slik at nytt ansvarleg styre kan veljast.
Skånevik 03.06.05
Per dags dato har 100 andelseigarar skreve under. Me går ut frå at det er ca 300 andelseigarar, utan at formann i styret eller regnskapsførar har vore villige til å gje informasjon om dette. Kravet om ekstraordinær generalforsamling kan reisast av 25% andelseigarane. Underskriftene er såleis nok til å krevja ekstraordinær generalforsamling slik dette går fram av vedtektene.
Listene med underskrifter blir levert formann der me gjer krav om at ekstraordinær generalforsamling vert halde innan august dette år med framlagd regnskap og årsmelding for 2003 og 2004. I tillegg til dei ordinære postane som skal handsamast i generalforsamlinga (Gjennomgang og fastsetting av resultatregnskap og balanse. Val av styre, vara medlemmer, revisor samt valkomité.) vil følgjande saker meldast opp til handsaming av generalforsamlinga:
• Gjennomgang av dei økonomiske disposisjonar styret har gjort i sine møter i 2001, 2002, 2003, 2004 og for første halvår 2005.
• Revisor og regnskapsførar må gjere greie for kvifor godkjent årsrekneskap med styret si melding ikkje er lagt fram for generalforsamlinga (jamfør vedtektenes §10) for 2002, 2003 og 2004, det vil seie innan utgangen av mai i påfølgande regnskapsår.
• Det nyvalde styret vert pålagd av generalforsamlinga å gjennomgå dei disposisjonar styret og formann i styret i AL Skånevik Vannverk har gjort frå 2001 fram til konstituering av nyvald styre. Denne gjennomgangen skal leggas fram i eigen rapport for generalforsamlinga seinast og innan mai 2006.
Er ikkje ekstraordinær generalforsamling kunngjort i lokalpressa, samt ved oppslag innan 22.08.2005 av styrets formann, vil det settast i verk tiltak for å få gjennomført generalforsamlinga etter dette kravet frå over 25% av andelseigarane.
Ved å gjennomføra ekstraordinær generalforsamling vil me med dette gjenreisa medlemsdemokratiet i AL Skånevik Vannverk.
Ole Funderud
Bodil W Skumsnes