Det er difor synd at Høgre, KrF og Venstre i regjeringsposisjon gjer sitt til å øydeleggja denne framgangen ved å innføra nytt meirverdiavgiftssystem for kommunane, og det av ein grunn; ordninga er skreddarsydd for å auka privatiseringa av den kommunale aktiviteten. Ein kommune som Vindafjord har kome særs dårleg ut av dette, det mangla rundt fire millionar som til vanleg ville vore refunderte. I tillegg kasta Kommunal Landspensjonskasse seg for nokre år sidan ut i storstilt aksjespekulasjon, (sikkert til stor jubel for høgresida) og påførte oss medlemskommunar store tap. For dette året resulterte det for Vindafjord sitt vedkommande i ei ventande tilleggsrekning på rundt seks millionar kroner.
Me laut såleis starta budsjettarbeidet med 10 millionar i underskot, ikkje på drifta, men på grunn av utgifter som var påførte oss utanfrå, som det ikkje var råd for kommunestyret å gjera noko med. I Ølen vart den manglande momsrefusjonen ført som tilgodehavande, i Vindafjord vart det prøvd med eitt års avdragsutsetjing på gjelda. Ingen av desse måtane å gjera det på, ville blitt godkjende av Fylkesmannen.
No kunne me som medlemer av parti som er mot denne utsveltinga av kommunane som Høgre driv med på regjeringsplan, sagt som så: Dette får lokale tilhengjarar ta seg av, la dei gå på Erna med krav om tilbakeføringar av skattepengar nok til å oppretthalda dei kommune tenestene. Men det går jo ikkje, for me visste svaret: Sel ut kommunale eigedommar og tenester, og set pengane inn i drifta av kommunen.
I dette tilfellet var det sal av seks trygdebustader i Vats som skulle finansiera drifta av Vindafjordhallen, fullføring av skytebanen og innvendig måling av kyrkja i Vats. No er det slik, at i alle desse seks trygdebustadane bur det folk. Har Høgre spurd desse om dei vil flytta, eller om dei vil kjøpa husværet sitt? Er Kyrkjeleg Fellesråd, Vindafjordhallen eller Vindafjord Skyttarlag interesserte i å la eldre og andre trygda betala for drifta av sine anlegg?
Me valde å ta det ansvaret for kommuneøkonomien og for den kommunale felleseiga som er blitt tildelt oss av veljarane, samt forpliktingane overfor den nye kommunen me skal bli ein del av om eitt år.
Inntektene frå dei kommunale eigedommane som alt er vedtekne avhenda, går inn på fond. Det er spart inn 2 % på drifta. Etter forslag frå Senterpartiet vart det vedteke å byggja den nye avdelinga på barnehagen i Sandeid, finansiert med låneopptak, sal av «Kamillahuset» og statlege tilskot. Me prioriterte «barnefamilien», for å bruka eit Bondevik-uttrykk.
Trur Dagfinn Torstveit og Høgre at det ikkje smertar oss å risikera at symjehallen framleis ikkje vert opna? Trur han at eksempelvis Anbjørn O. Stople, ivrig jeger og leiar i viltnemnda ser med lett hjarta på at skytebanen i Vats lyt venta? Trur han at det er greitt for oss at Vatsvatnet er like grønt som graset i Vindafjord, når me endeleg hadde fått dette miljøprosjektet opp på sakskartet?
Etter stor innsats frå bygdefolket i Vats og med innsamla og kommunale midlar er kyrkja i Vats utvendig restaurert. Det innvendige arbeidet kan venta, sjølv om det sjølvsagt hadde vore svært ønskjeleg at dette og hadde vore ferdig til 150-årsjubileet.
Det spørs berre om det hadde auka oppslutnaden om kyrkja og den kristne kulturarven at dette arbeidet hadde resultert i at eldre måtte flytta ut av bustadane sine.
Alle tiltaka som er nemnde ovanfor som me ikkje fann rom for i denne budsjetthandsaminga, har første prioritet om tilstanden skulle betra seg, og om uventa inntekter eller uventa utgiftsreduksjonar skulle koma over nyttår. Sp- og Ap-folk likar og å symja og skyta og syngja salmar i kyrkja og bada i eit reint Vatsvatn!
Meisteren brukte svepa mot dei rike og dei styrande, og hadde ei open hand mot dei små i samfunnet og vanlege folk.
Dagfinn Torstveit og Vindafjord Høgre kunne retta skytset mot si eiga regjering som har makt og midlar til å gjera noko med kommuneøkonomien og vern av kulturskattar som Vats kyrkje.
I staden for kritiserar han sine medrepresentantar i kommunestyret når dei prøver å gjera det beste ut av avgrensa midlar for å unngå privatiseringsreligionen sine herjingar. Kva er mest i samsvar med den kristne kulturarven? Er forresten styrken i den kristne kulturarven omvendt proporsjonal med kor mange blører det er i malinga på kyrkjestolane i Vats?
Reidar Håvås, Ap,
ordførar i Vindafjord
Åsmund Kalstveit
gruppeleiar Sp