Trur på endring i Stortinget

Saman med tverrpolitiske kollegar frå Arendal, Lødingen, Gaular, Gjøvik og Frøya møtte Enge fredag formiddag […]

Saman med tverrpolitiske kollegar frå Arendal, Lødingen, Gaular, Gjøvik og Frøya møtte Enge fredag formiddag kommunalkomiteen på Stortinget. Der fekk rikspolitikarane teikna eit usminka bilete av situasjonen kring i norske kommunar.
— Me har snart kutta vekk alt som ikkje er lovpålagde oppgåver. Kva liv vert det av slikt, undra leiaren for opprøret, Tore Hagebakken, ordførar for Ap i Gjøvik kommune. Og dei andre følgde opp i same stil.
Amputasjon
— Det er slutt på at me kan bruke ostehøvelprinsippet. Me har komme langt inn på skinnleggen. Må det skjerast meir no, kan me ikkje anna enn å amputera, meinte ordføraren i Gaular, Jenny Følling (Sp). Ho kunne rapportere om ein heilt uhaldbar situasjon i heimkommunen. Det stod heller ikkje spesielt mykje betre til hjå naboane hennar.
— I Sogn og Fjordane er halvparten av kommunane sett under offentleg administrasjon. Hjå oss handlar det stort sett ikkje om anna enn å kutte i tenestetilbodet. Musikkskulen er allereie historie, svømmebassenga er stengde og gateljosa sløkte. No treng me ikkje fleire valløfter frå sentralt hald. Gje oss pengar i staden, oppmoda Følling.
Dagbøter
Torill Larsen (Ap) i Arendal kom til Stortinget sin kommunalkomité med sylferske oppslag i Agderposten.
— Dei handlar stort sett om budsjettet vårt som vart lagt fram i går. Sjølv om me allereie har sagt opp 31 kommunalt tilsette, og det er varsla arbeidsrettssaker i fleng, må me truleg kutte nye 34 stillingar for å spare 46 millionar kroner innan pleie og omsorg. Fleire av skulebygga våre er i elendig forfatning, og med manko på konto får kommunen i staden tusenvis av kroner i dagbøter for arbeid me sjølvsagt skulle ha utført for lengst. Hadde det berre vore noko å ta av, sukka Larsen.
— Sløsar ikkje
Amund Enge har talt Erna Solberg og den politiske leiinga i Høgre midt i mot. For det har det sjølvsagt vanka ein del ris. Men ikkje verre enn at han har tenkt å halda fram i same stil.
— Kommuneøkonomien har vore skral dei siste åra. I budsjettet for 2005 vert alt endå verre. Arbeidsløysa vil stige. Eldre, sjuke og unge vil få det tøffare. Det kan me ikkje stilltiande akseptera. Eg har eit ansvar for dei fire tusen innbyggarane i Etne kommune. I min kvardag tel det tyngre enn lojaliteten til partileiinga, hevdar Enge. Til komiteen hadde han følgjande melding:
— No må det bli slutt på at kommunane får høyra at dei sløsar. Ingen får i dag meir ut av kvar krone enn det me gjer, sa Enge.
Om møtet hadde han dette å seia:
— Eg er optimist. Me vart tekne særs godt imot, og eg har stor tru på at dette får konsekvensar for statsbudsjettet for 2005.
— Det må bli slutt på nedbygginga av skule, omsorg og andre viktige tenestetilbod i norske kommunar. Me må også få ressursar til å løysa dei oppgåvene me er blitt pålagde. Det fordrar minst 3,5 milliardar ekstra i frie inntekter til kommunane over Statsbudsjettet for 2005, repeterte Amund Enge (H) til komiteleiar Magnhild Meltveit Kleppa då møtet var over. Ti minuttar over tida.