Fusjonen som nå er gjennomført, skjer ved at Kambe AS i Ølen blir ført vidare under namnet Sysco Finans.
— Eg er svært tilfreds med det som nå skjer. SYSCO er eit solid selskap, og saman utfyller me kvarandre svært godt, seier Tor Magnar Kambe som gjennom fusjonen blir nest største enkelteigar i SYSCO.
Solide tal
SYSCO har utover basen i Haugesund også kontor i Stavanger, Bergen, Oslo, Lima i Peru – og nå i Ølen. Selskapet blei stifta av blant andre Frank Vikingstad (41) i 2004. I løpet av si unge levetid har bedrifta ekspandert kraftig og hadde rundt 75 tilsette før fusjonen, og 85 med Kambe på laget.
SYSCO har som Kambe AS, hatt fokus på IT-system for energikundar, men med anna vinkling enn Kambe. SYSCO med landets største uavhengige IT-miljø i energibransjen, har blant anna spesialisert seg på inntektssida til store selskap, medan Kambe har fokus på kostnadssida i mellomstore og mindre energiselskap. Kambe har utvikla ei økonomi bransjeløysing for e-verk som er unik i landet. På eitt år har bedrifta i Ølen oppnådd ein marknadsdel på over 30 prosent i Noreg.
Omsetninga i SYSCO var i fjor på 75 millionar og resultat før skatt var på solide 9,6 millionar. Kambe AS med sine ti tilsette, omsette for 11,2 millionar og kom ut med eit resultat før skatt på vel to millionar. Det er med andre ord to svært lønsame bedrifter som nå slår seg saman.
Etter det Grannar kjenner til er SYSCO og Kambe til saman verdsett til eit par hundre millionar. Verken Kambe eller Vikingstad ynskjer å kommentera verdivurderinga.
Vekst
SYSCO sin vekst og suksess har ikkje gått upåakta hen. I vår blei SYSCO kåra til Årets bedrift 2011 under Haugalandskonferansen, der også Omega AS i Ølensvåg, ei anna sterk vekstbedrift, var nominert. SYSCO er også kåra til Gassellebedrift tre år på rad i regi av Dagens Næringsliv. Kambe AS ligg nå an til å få denne vekstheideren basert på sine 2011-tal.
Tor Magnar Kambe fortel at dei går inn i SYSCO med heile sin portefølje. Han presisere at dei også vil satsa vidare på eksisterande kundar innanfor andre bransjar, blant anna industri, transport og fisk, slik at også disse vil nyte godt av fusjonen.
Sjølv vil han ikkje ha leiande administrativ stilling i det fusjonerte selskapet.
— Ein av grunnane til at eg gjer dette, er ønsket om mindre administrativt ansvar. Eg vil nå konsentrera meg om produktutvikling og kontakt med kundar, seier Kambe.
Skal leia
44-åringen frå Ølen legg ikkje skjul på at Kambe AS har hatt ei god utvikling dei siste åra, og at også behovet for eit større apparat til å handtera aukande kundemasse, var eit viktig moment for fusjon.
Ingunn Johannessen (41) frå Kopervik som har 15 års erfaring innan rekneskap og revisjon, skal leia Sysco Finans. Kambe sitt kontor i Ølen vil bestå, og alle tilsette blir med over til SYSCO. I tillegg er det alt starta oppbygging av tilsette som skal jobba med rekneskap på hovudkontoret i Haugesund.
Høg målsetting
SYSCO har som visjon å bli det mest attraktive nordiske IT-selskapet.
— Med Kambe på laget kan me tilby ei endå meir komplett tenesteportefølje og bevega oss enda lenger oppover i verdikjeda, seier administrerande direktør i SYSCO, Frank Vikingstad til Grannar, og legg til:
— Med SYSCO Finans har me som mål å skapa den mest innovative økonomi- og rekneskapsverksemda, og blandinga av vår IT-kompetanse og Kambe sin økonomikompetanse vil koma kundane til gode gjennom betre og meir effektive tenester.
Kambe på si side trur at kundane vil bli godt nøgde med tenestene frå Sysco Finans. Dei vil også dra fordel av Sysco sitt Peru-kontor med svært dyktige folk som leverer system og tenester til kundar av Sysco.
— Denne fusjonen skal gjera oss til å bli ei annleis og endå betre rekneskapsbedrift, spesielt på prosess- og IT-sida enn det me har vore, seier Kambe.
Treng fleire
Vikingstad og Kambe er opptatt av å bygga regionen og ser stort potensiale i å levera tenester frå Haugalandet over heile Noreg.
— Det me nå treng er endå fleire dyktige medarbeidarar – også innanfor økonomi som ønskjer å bruka IT som eit verktøy for ytterligare å forbetre økonomitenestene som blir levert til kundane, avsluttar dei to energiske gründerane.