Mopedist stakk av frå politiet

Ein mopedist i 40-åra frå Vindafjord stakk av frå ein trafikkontroll i Skjold ved 18-tida måndag. Politiet heiv seg i bilen og innhenta mopedisten nokså raskt. — Føraren av mopeden blir meld for køyring utan gyldig førarkort, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.